Om oss
Me kan transportfaget – det har me gjort sidan 1985.


1985
Ein bil, ein sjåfør
Dei fyrste åra var containerutleige og frakt av olje, diesel og tømmer i lokalområdet dei viktigaste tenestene.

1990
Starten på langtransporten
Fast køyring for Vik Ørsta AS (tidlegare Ørsta Stålindustri). Transporten derifrå går over heile landet.

2005
Einetransportør innanlands
Vik Ørsta valde oss som einetransportør. Bilparken voks, og talet på tilsette steig frå 10 til 25. Brøytekontrakten med Statens vegvesen gjekk ut, og ressursane vart flytta til langtransport.

2009
Grøvik Verk
Transportavtale med Grøvik Verk AS – lass med takrenner og beslag rundt om i Noreg. Fire nye vogntog og like mange sjåførar.

2012
Mosflata og tre selskap
Bøstrand Transport AS, Bøstrand Kran AS og Autosenteret Ørsta AS vart eigne firma under Bøstrand Gruppen AS. Same år flytte me til Mosflata, med moderne verkstad, lager, kontor og vaskehall.

2014
Kjøl, frys og spesialtransport
Investering i semitrailerar med termokjøl/-frys og spesialtransport for anleggsbransjen og skipsindustrien.

2024
Spenncon i Hjørungavåg
Bøstrand vart vald som transportør for Spenncon-fabrikken. Med nytt spesialutstyr køyrer me ut prefabrikkerte betongelement og veggelement.
Plasseringa
Midt i smørauget på Søre Sunnmøre.
Etter at både Kvivsvegen og Eiksundsambandet vart opna, har det vakse fram ein ny, stor region. Ferjefritt samband til Sogn og Fjordane og resten av Vestlandet, til Austlandet og den maritime klynga i Ulstein, Herøy og Sande gjer at me stiller sterkt.
Andre satsingsområde er flisbilar med tipp eller walking floor for lausmassar, og asfaltbilar som fraktar asfalt frå verk eller båt til dei som legg vegane våre.
