Ørsta · Sunnmøre · sidan 1985
Transport med erfaring. Kapasitet til meir.
Langtransport, kran- og spesialoppdrag frå Sunnmøre til resten av landet – og vidare ut i Europa.

Kva me gjer
Frå stykkgods til udelelege kolli på 37 tonn.
Ein variert bilpark og lang erfaring gjer at me kan ta på oss det meste – frå daglege turar i distriktet til krevjande spesialoppdrag.

Vår historie
Det byrja med ein bil og ein sjåfør.
I snart fire tiår har me vakse jamt og trutt frå Ørsta. I dag er Bøstrand Gruppen tre selskap – transport, kran og verkstad – med base på Mosflata, midt i den nye regionen på Søre Sunnmøre.
- ~70
- tilsette
- ~50
- trekkvogner og bilar
- ~70
- hengarar
- ~10
- kranbilar

1985
Éin bil og éin sjåfør. Containerutleige og frakt av olje, diesel og tømmer lokalt.
1990
Fast køyring for Vik Ørsta AS – starten på langtransporten.
2005
Vald som einetransportør innanlands for Vik Ørsta. Frå 10 til 25 tilsette.
2012
Flytting til Mosflata. Eigne selskap for transport, kran og verkstad.
2014
Termo kjøl/frys og spesialtransport for anlegg og skipsindustri.
2024
Transportør for Spenncon i Hjørungavåg, med eige utstyr for veggelement.



Menneska
Meir enn lastebilar.
Sjåførar, kranførarar, mekanikarar og transportmeglarar – det er folka som får hjula til å gå rundt. Me er godkjend lærebedrift innan transportfag og mekanikar tunge køyretøy.
Me skal vere ein god og trygg arbeidsplass for alle tilsette og familiane deira.
Kontakt
Har du eit oppdrag? Me finn ei løysing.
Fortel kva som skal fraktast, frå kvar og til kvar – så kjem me tilbake med eit godt og høveleg tilbod.
Mosflatevegen 4, 6154 Ørsta · Hovudtransportør for Vik Ørsta og Grøvik Verk
994 49 229Transport og langtransport
Fredrick E. Eimstad
970 56 505Kran og spesialtransport
Knut Arne Stokke
974 71 188Verkstad og dekk
Emil Aam Iversen





