Jobb hos oss
Eigen bil, gode kollegaer og heile landet som arbeidsplass.
Frå anlegget i Ørsta tek me på oss oppdrag over heile landet – og noko utanlands. Me oppmodar både erfarne og nybyrjarar til å søkje. Opplæring vil bli gitt.



Me tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Oppdatert og moderne materiell
- Eigen vaskehall
- Eigen bil som sjåføren får ansvaret for
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
Me ser etter deg som …
- har førarkort kl. CE
- likar utfordringar
- er strukturert, nøyaktig, punktleg og løysingsorientert
- likar å samarbeide, men kan òg arbeide sjølvstendig
- beherskar norsk, både munnleg og skriftleg
- har ADR og truckførarbevis – ønskjeleg, men ikkje eit krav
Lærling? Me er godkjend lærebedrift innan transportfag og mekanikar tunge køyretøy. For rette personen dekkjer me kurs mot bindingstid.
Søk no
Fortel litt om deg sjølv.
Fyll ut skjemaet, eller ta kontakt på e-post eller telefon. Me ser fram til å høyre frå deg!

Per Einbu
Personal- og opplæringsansvarleg
